Laurdag inviterer ein til første Julemarknaden midt i Eidsgata. Det blir som ei julerelatert Eidamesse, med mange små stand med husfildsprodukt, handverk og ikkje minst mat.

– Mesteparten vert inni telt utanfor Betania, i tillegg til litt i sjølve gata. Vi har gått ut aktivt for å få god balanse mellom mat og handverk, med fokus på kvalitet. Det vert like mange standar som under Eidamessa, men med mindre nisjestandar. Det passar fint ettersom denne laurdagen er det nisjebutikken sin dag, seier Kristin Rødven Eide i Nordfjordeid senter.

Peparkakebygd

Denne dagen er det også opning av peparkakebygda Eid. På førehand har ein gått ut og invitert bygdefolket om å bruke fantasien og lage sin versjon av eit peparkakehus, enten ved å bruke fantasien eller lage kopi av eit hus som ligg i Nordfjordeid sentrum allereie.

Peparkakebygda finn du i lokala til Fotograf Eide, og elevar frå design og handverk på Eid vidaregåande skule har vore med å forme utstillinga som skal gi oss den rette julestemninga no i førjulstida.

Har du endå ikkje laga peparkakehus er det berre å sette i gang.

– Det er berre å hive seg rundt og begynne bakinga. Bruk fantasien. Lag det du har lyst til, også om det blir skrint og skeivt, stort eller smalt, seier Kari Flaten i Nordfjordeid senter.

Dei synest det er stas om nokon vil bake peparkakehus med motiv frå gata, men også fantasihus er velkomne i utstillinga. Målet er å få til ei solid peparkakebygd som ein kan kome og sjå på gjennom heile desember.

Fullspekka desember

Du vert også lova ei fullspekka førjulstid i Eid. Fredag syng D-kor på Amfi, og det gjer dei også onsdag 13. desember.

No laurdag er det opning av juleutstillinga i Kulturhuset Gamlebanken, og det er minikonsert med Jim Steven Igland og Hans Kristian Holthe på Amfi. På ettermiddagen er det konsert med Sunnivakoret i Eid kyrkje.

Fredag 1. desember er Silisum frå Bremanger på plass på Amfi. Den helga er det også Jul i Stallen på hestesenteret, og Lys vaken i Eid kyrkje for 6. trinn.

Tysdag 5. desember er det julegrantenning i Kjølsdalen, og «Miriam si forteljing» med SoFteater i Kjølsdalen kyrkje.

Laurdag den 9. er det dukafor julekonsert i Stårheim kyrkje, og julekonsert i Eid kyrkje.

Søndag den 17. er det førjulsgudsteneste på Vonlund i Holmøyane, og julekonsert i Kjølsdalen kyrkje. Dagen etter er det Kjølsdalen skulejulemusikk på Nordfjordeid.

Julemarknad: Laurdag er det stor julemarknad i Eidsgata.