– Det har gått kalde elingar nedetter ryggen på meg i heile kveld. Dette må vere Norges fremste kulturskule, sa ein rørt og takksam Inge Gjul, som sjølv har litt av æra for at ein kom i gang. Han var skulesjef då kulturskulen vart oppretta i 1987.

Det har vore fem kulturskulerektorar i løpet av desse åra, og Gjul trekte spesielt fram Unn Elin Carlsen, i tillegg til Kari Standal Pavelich som kom saman med Michael Pavelich til Eid, for å vere lærar i kulturskulen.

Gjul hadde sin eigen vri på å sitere Gro, nemleg «Det er naturleg at Eid er god».

I tillegg til å vere den beste kulturskulen i landet, gav Inge Gjul Olga Pavlova karakteristikken landets beste kulturskulelærar. Ho beherskar fire instrument, i tillegg til å vere ein dyktig songar, og ho har ei eiga evne til å skape tryggheit og tillit, slik at elevane får tru på seg sjølve og både gler seg til å gå på øving og til å gå heim.

Og denne unike kulturskulen har dyrka fram ei rekkje song- og musikktalent, noko som mellom anna har gjeve seg utslag i to MGPjr-sigrar, landsfinalistar i UKM, sommarluttvinnarar og ei rekkje draumestipend.

Les meir frå jubileumsframsyninga i Fjordabladet tysdag.