FAU-leiar v/Hjelle skule Roy Arne Løvlid skriv i uttalelse til forslaget til kommunebudsjett 2018 at det er forståing for at kommunen er i ein vanskelig økonomisk situasjon, men FAU meiner at innsparing i denne sektoren ikkje er ei god langtidsinvestering.

– Desse kutta dreier seg gjerne om å fjerne spesialtilpassa undervisning for dei som treng ekstra oppfølging, då ordinær undervisning uansett vil måtte gjennomførast som før. Det er altså elevane som treng mest hjelp som får mindre. Stadige småkutt i denne sektoren vil på sikt forringe kvaliteten på skuletilbodet i kommunen, dermed står vi i fare for å øydelegge inntrykket av Eid kommune som ein trygg og familievennlig kommune. Dette står i kontrast til ein kommune som ønskjer vekst og tilflytting, poengterer Løvlid i uttalelsen frå FAU på Hjelle skule.