Dette er hovudinntrykket ein sit att med når ein ser på resultatet av spørjeundersøkinga som nyleg vart gjennomført blant kommunestyremedlemmene i dei to kommunane som snart skal bli til ein; Stad kommune.

God informasjon

Av svara går det fram at dei folkevalde i Eid ser ut til å vere godt fornøgde med administrasjonen. Det store fleirtal (89,7%) meiner at kommunen gjer ein god jobb med å informere innbyggarane om aktuelle saker som vert diskutert i kommunepolitikken. I Selje er det halvparten som ikkje er fornøgd med informasjonen ut til innbyggjarane om dette. Der er det også stor misnøye med informasjonen ut om korleis kommunen sine inntekter vert brukt.

Godt tenestetilbod

Dei folkevalde i Eid er godt fornøgde med innbyggjarane sine mogelegheiter til å påverke avgjersler som dei er engasjert i, og dei er fornøgde med korleis kommunen involverer innbyggjarane for å finne løysingar på lokale problem. Dei meiner at kommuneadministrasjonen gjer sitt beste for å hjelpe innbyggjarane og er i det store og heile godt fornøgde med kommunen sitt tenestetilbod til innbyggjarane. Dei aller fleste (86,2%) meiner Eid kommune forvaltar dei økonomiske ressursane på ein forsvarleg måte og nesten alle (93,1%) er fornøgd med måten kommunen taklar utfordringar som lokalsamfunnet står overfor.

Misnøye i Selje

I Selje er politikarane meir misnøgde med både kommuneadministrasjonen sitt arbeid og kommunen sitt tenestetilbod til innbyggjarane. Eit stort fleirtal meiner imidlertid at kommunen forvaltar dei økonomiske ressursane på ein forsvarleg måte, og dei fleste (61,1%) er fornøgd med måten lokalsamfunnet taklar utfordringar som lokalsamfunnet står overfor.

Lokaldemokratiundersøkinga – Resultatet er som forventa

Lokaldemokratiundersøkinga Godt politisk klima i Eid-politikken

Fornying og utvikling

I Eid er politikarane fornøgde med fornying og utvikling i måten å løyse oppgåver på, medan fleirtalet av politikarane i Selje ikkje er fornøgde med fornying og utvikling på dette området.

Av spørjeundersøkinga går det fram at politikarane i Eid meiner at det er klare ansvarslinjer mellom politikk og administrasjon i Eid, og at administrasjonen er flink til å fange opp politiske signal frå dei folkevalde. Dei aller fleste meiner det er lett å skaffe seg innsyn i den kommunale verksemda. Kring ein fjerdedel i Eid meiner at administrasjonen legg for mange føringar.

Lokaldemokratiundersøkinga Mangel på tilstrekkeleg kompetanse

Legg føringar

I Selje er det under halvparten av dei folkevalde som meiner at administrasjonen er flink til å fange opp signal frå folkevalde og under halvparten meiner det er lett å skaffe seg innsyn i den kommunale verksemda. Her er det også langt fleire (72,2%) som meiner at administrasjonen legg for mange føringar i sakene, og halvparten i Selje er ikkje samd i påstanden om at det er klare ansvarslinjer mellom politikk og administrasjon.

Det verkar som at politikarane i Eid er svært god fornøgde med rådmannen. Dei gjev inntrykk av at rådmannen er flink til å synleggjere det lokalpolitiske handlingsrommet og at rådmannens saksframlegg er lettfattelege.

I Selje er det 38,9 % som ikkje er nøgde rådmannen si synleggjering av politisk handlingsrom og 27,8 % som ikkje meiner at rådmannens saksframlegg er lettfattelege.

Lokaldemokratiundersøkinga

Undersøkinga blant dei folkevalde i Eid og Selje er del av KS si lokaldemokratiundersøking bedrekommune.no

Undersøkinga vart gjennomført i form av ei skriftleg spørjeundersøking torsdag 9. november. Dei folkevalde har i undersøkinga fått svaralternativa «Passar svært dårleg», «Passar dårleg», «Passar ganske godt» «Passar svært godt» og «Veit ikkje/har inga meining».

I omtalen av resultata har Fjordabladet teke utgangspunkt i at dei som har svart «Passar svært dårleg» og «Passar dårleg» er usamde i påstanden som vert sett fram, medan dei som har svart «Passar ganske godt» og «Passar svært godt» er samde.

Sidan det er fleire kommunestyrerepresentantar i Eid enn i Selje, vil ein person utgjere fleire prosent i Selje enn i Eid. Prosenttala i dei to kommunane kan difor ikkje samanliknast direkte, men resultata gjev ein god peikepinn om tendensane.