PRESSEMELDING: Fylkesrådmann Tore Eriksen har no lagt fram Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2018– 2027. Transportplanen skal godkjennast av fylkestinget i desember 2017.

Transportplanen seier blant anna noko om

•             korleis fylkeskommunen skal prioritere innan samferdslefeltet dei neste ti åra

•             kvar den framtidige kystvegen i Sogn og Fjordane skal gå

•             kva vegprosjekt som skal prioriterast

•             kva skredsikringsprosjekt som skal prioriterast framover

•             kva klimatiltak som skal gjerast når det gjeld både veg og kollektivtrafikk

•             kva som er status for aktuelle ferjeavløysingsprosjekt i fylket

Prioriteringar

Det er mange og store utfordringar som bør løysast innan samferdsleområdet i Sogn og Fjordane. Rammene til drift er alt lagt i økonomiplanen for 2018–2021, og fylkesrådmannen har laga profilar for korleis pengane til drift, kollektivtrafikk og investering skal prioriterast.

Innan drift er det tunnelvedlikehald som står øvst på prioriteringslista, så å redusere forfall og så å drifte fylkesvegnettet på dagens nivå. Når det gjeld kollektivtrafikk er førsteprioritet å vidareføre eit heilskapleg rutesystem, så klimatiltak, universell utforming og marknadstilpassing og marknadsføring.  På investeringssida står gjennomføring av bundne prosjekt øvst på lista, så skredsikring, mindre investeringar og til slutt store investeringar.

Kystvegen

Fylkesrådmann Tore Eriksen rår politikarane til å følgje tilrådinga frå Statens vegvesen når det gjeld kvar kystvegen skal gå gjennom Sogn og Fjordane.

Vegvesenet meiner Kystvegen bør følgje dagens trasé på fv. 57 frå Sløvåg i Gulen til Dale i Fjaler, med omleggingar der det trengst. Frå Dale skal vegen så gå i ny tunnel direkte frå Dalsfjordbrua til Kvammen i Askvoll, og så vidare derifrå med bru over Ålesundet i Førdefjorden. Så blir det vekselvis veg og tunnel via Redal og Osa før vegen koplar seg på rv. 5 vest for Storebru.

Kystvegen skal så gå vidare langs rv. 5 til Grov og derifrå til Haukå, vidare i tunnel til Myklebustdalen og endå ein tunnel frå Indrehus til Svelgen. Frå Svelgen til Sørdalen vert det oppgradering av vegen og to nye tunnelar. Siste del av kystvegen følgjer dagens veg til Rugsundøya, før han tek av mot Tongane og kryssar Nordfjorden, koplar seg på rv. 15, følgjer den til Bryggja og vidare med utbetring av fv. 61 til Naveosen.

Med denne løysinga vert ferjesambanda Rutledal–Rysjedalsvika og Stårheim–Isane oppretthaldne.

Investeringar fram til 2021

Finansutvalet har fastsett ei samla investeringsramme på 1,3 mrd. kr fram til 2021, og det er ikkje rom for å starte nye, store investeringsprosjekt i perioden 2018–2021. Fylkesrådmannen meiner likevel det bør løyvast midlar til planlegging/prosjektering med tanke på eventuell byggestarta av prosjekt etter 2021.

Fylkesrådmannen tilrår oppstart av følgjande prosjekt i perioden før 2021:

•             Fv. 698 Blaksettunnelen

•             Fv. 303 Seimsdalstunnelen

•             Fv. 618 Barmen–Barmsund (ferjekai)

•             Fv. 611 Sæle–Engebø

Han legg også opp til å prioritere midlar til følgjande gang- og sykkelvegprosjekt:

•             Enkle fysiske tiltak i dei største sentrumsområda

•             Fv. 614 Breivika–Svelgen (Bremanger)

•             Fv. 607 Heggebø–Leirvik (Hyllestad)

•             Fv. 548 Brandsøy–Solheim (delprosjekt)

I tillegg tilrår fylkesrådmannen midlar til mindre investeringstiltak som mindre utbetringar, trafikktryggingstiltak, planlegging, prosjektering og kollektivtrafikktiltak.

Skredsikring

Fylkesrådmannen rår fylkestinget til å prioritere følgjande skredsikringsprosjekt:

•             Fv. 633 Kleiva, tunnel

•             Fv. 722 Flovegen

•             Fv. 53 Ljoteli

•             Fv. 50 Vassbygdvatnet, Aurland

•             Fv. 630 Galdane i Borgund

•             Fv. 57 Strand i Fjaler

•             Mindre tiltak, prosjektering

•             Mindre skredsikringstiltak, ufordelt

Mindre utbetringstiltak vil bli prioriterte årleg som del av budsjettarbeidet.

Ferjeavløysing

Fylkesrådmannen har også vurdert ferjeavløysingsprosjekta Atløysambandet i Askvoll og Ytre Steinsund i Solund i samband med Regional transportplan.

Ferjeavløysingsordninga vil krevje ei eigenfinansiering som er høg dei første åra for så å gradvis bli redusert etter som «prosjektlånet» vert nedbetalt. Fylkesrådmannen vurderer det slik at det vil vere utfordrande å finansiere alle ferjeavløysingsprosjekt i mange år etter byggestart.

Klima

Klima er eit viktig aspekt i heile transportplanen, både når det gjeld klimatilpassing av veginfrastrukturen og tiltak for å redusere klimagassutslepp frå mellom anna kollektivtrafikken. Klimatilpassing omfattar tiltak som vert sette i verk for å tilpasse samfunnet til dagens og framtidas klimaendringar.

Det er venta auka årstemperatur, auka årsnedbør, kraftigare og hyppigare styrtregnepisodar og større og oftare regnflaumar som kan medføre auka fare for flaum, skred og stormflo. Det vil i neste omgang føre til ekstra utfordringar for mellom anna vegar og anlegg, og fylkeskommunen har difor eit mål om å klimatilpasse veginfrastrukturen til eit endra klima.

Endeleg vedtak i desember

Heile saka om godkjenning av Regional transportplan 2018–2021 med alle vedlegg finn du på sakslista for møtet i hovudutval for samferdsle 21. november.

Hovudutvalet handsamar saka i dette møtet, fylkesutvalet handsamar ho 22. november og fylkestinget gjer endeleg vedtak 4. og 5. desember.

Transportplanen byggjer på eit kunnskapsgrunnlag der heile transportsystemet i Sogn og Fjordane er analysert.