– Eg er ikkje overraska, men likevel svært glad for å få stadfesta det inntrykket eg har. Det er eit godt klima mellom politikarane og mellom politikarane og administrasjonen. Det er god rolleforståing og rolledeling. Politikarane gir uttrykk for at det er dei som set saker på dagsorden og at dei har tillit til og kontroll med at politiske vedtak blir følgt opp. Dei får innsyn og saksutgreiingar som er forståelege og som i stor grad viser kva handlingsrom politikarane har. Dei har stor grad av tillit til at kommunen gir innbyggjarane gode tenester, men eg merkar meg at mange meiner vi gjer for lite for dei mest sårbare. Det seier Eid-rådmann Åslaug Krogsæter i ein kommentar til undersøkinga frå kommunestyret i Eid. Ho peikar elles på at undersøkinga viser at det er ei oppfatning av at ein samla viser evne og vilje til utvikling og fornying i måten å løyse oppgåver på, og at ein taklar utfordringane lokalsamfunnet står overfor.