Både Eid og Selje ser ut til å ha ein veg å gå når det gjeld innsatsen for dei mest sårbare i samfunnet.

Heile 39,2 % i Eid og 55,6 % i Selje meiner at påstanden om at deira kommune gjer for lite for dei mest sårbare i samfunnet passar svært godt eller passar ganske godt. Det er ingen i Selje som meiner at påstanden passar svært dårleg.

Gode forbindelsar

«Dei som har gode forbindelsar i kommunen, får lettare ivareteke sine interesser.»

Dette er ein av påstandane som dei folkevalde i Eid og Selje har blitt bedne om å ta stilling til.

Over ein tredjedel (34,4%) av dei folkevalde i Eid gjev inntrykk av å vere samde i denne påstanden.

I Selje er det bortimot halvparten (44,4%) som meiner at dette passar godt eller svært godt med tilhøva slik dei er der.

Er til å stole på

Dei folkevalde har svart på ei rekkje spørsmål, mellom anna om ein kan stole på løfta frå politikarane i kommunen.

I Eid svarar 89,7 % av dei folkevalde at ein som regel kan det, medan det i Selje er færre (61,1 %) som meiner det same.

Å misbruke makt

Det store fleirtalet av dei folkevalde i Eid (93,1 %) meiner at dei folkevalde i Eid ikkje misbrukar makta si til personleg fordel.

I Selje er tilsvarande tal 66,6 %. Ein tredjedel av kommunestyrerepresentantane gjev altså inntrykk av at det skjer at folkevalde i Selje misbrukar makt til personleg fordel.

Har gode debattar

Dei folkevalde i Eid (93,1%) meiner sjølve at dei har gode politiske debattar i kommunestyret, medan ein tredjedel av kommunestyrepolitikarane i Selje ikkje er av same oppfatning om debattane der.

Ordførar for alle

Både ordførar og rådmann i Eid får gode skussmål av dei folkevalde i spørjeundersøkinga som nyleg er gjennomført.

I Eid er det eit stort fleirtal (89,7%) som er samd i påstanden om at ordføraren er ordførar for heile kommunestyret, medan det i Selje berre er 55,6 % som er av same oppfatning. I Selje er det altså 44,4 % som meiner at påstanden passar dårleg. Det går også fram at det er langt fleire som meiner det er dårlege relasjonar mellom posisjon og opposisjon i Selje (44,4%) enn i Eid (13,8%).

Det er også noko ulike syn på om det er politikarane som set dagsorden. Dette ser ut til å vere tilfelle i langt større grad i Eid enn i Selje. I Eid er det 82,2 % av dei folkevalde som meiner at påstanden om at det er politikarane som set dagsorden passar godt eller svært godt, medan tilsvarande tal i Selje er 35,3 %.

Interkommunale selskap

Ingen av dei folkevalde i Eid er usamde i påstanden om at det er ei klar rollefordeling mellom dei politiske organa i kommunen, dei er også fornøgde med korleis folkevald styring med kommunale selskap fungerer. Ein del er imidlertid mindre tilfredse med folkevalde sin kontroll og styring med interkommunale selskap.

Utholar rolla som folkevalt

Fleirtalet av dei folkevalde både i Eid og Selje meiner at statens detaljstyring av kommunane utholar rolla som folkevalt. I Selje er det heile 88,9 % som meiner dette, medan det tilsvarande talet er 55,1 % for Eid-politikarane.