– Det er gledeleg å sjå at dei folkevalde i Eid generelt sett har eit positivt syn på det å vere folkevalt og opplever det som positivt. Eg er særleg glad for at dei opplever at det er eit godt klima i kommunestyret med gode politiske debatter, at ein ikkje opplever ubehagelegheiter, men at ein behandlar kvarandre med respekt. Det seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo i ein kommentar til undersøkinga. Han får sjølv gode skussmål som ein ordførar for heile kommunestyret.

– Det kjem fram av undersøkinga at det er ein fordel å ha gode kontaktar for å vinne fram. Kva tenkjer du om det?

– Både og. Litt av poenget med å ha mange folkevalde er at då kjenner mange ein folkevald, og det er lettare å snakke med vedkomande og få løfta opp det som ein er oppteken av, seier Bjørlo. Han peikar på at Eid skårar veldig høgt samanlikna med landet elles når det gjeld at det er lett å få sett ei sak på dagsordenen.

– Eigeninteresse eller vennskap og kjennskap kan vel av og til skine igjennom når det gjeld argumentasjonen frå ein del politikarar?

– Slik er det i lokalpolitikken. Det viktigaste er openheit i forhold til kva roller ein har, påpeikar ordføraren. Han er sjølv svært oppteken av å ha ei opa dør, og at det skal vere enkelt for innbyggjarane å ta kontakt for å få sett si sak på dagsordenen.

Av påstanden i undersøkinga om at dei som har gode forbindelser i kommunen lettare får ivareteke sine interesser, går det ikkje fram om det gjeld på politisk eller administrativt nivå. Bjørlo understrekar at han opplever administrasjonen som profesjonell når det gjeld likebehandling, han opplever det ikkje slik at det gjev fordelar om ein har gode kontaktar inn i administrasjonen.

Ordføraren i Eid er elles glad for at det kjem fram at ein i Eid har eit veldig godt tillitsforhold mellom folkevalde og administrasjon.