– Resultata var eigentleg som forventa. Selje-politikken har vore prega av eit tydeleg skilje mellom posisjon og opposisjon gjennom mange år. Dette har vi klart å bygge noko ned, men framleis har vi ein veg å gå. Det seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal i ein kommentar til lokaldemokratiundersøkinga som nyleg vart gjennomført blant dei folkevalde i kommunen. Han meiner at svara også gjenspeglar at Selje kommune i mange år har hatt det økonomisk tøft utan at ein har klart å få retta opp i dette før dei siste tre åra.

– Denne manglande økonomiske handlefridomen har sjølvsagt gått utover tenestetilbod og korleis kommunen legg til rette for utvikling. Frustrasjonen blant politikarane gjenspeglar noko av dette.

– Eg er nok opptatt av at vi er ærlege på at slik har situasjonen vore, men at vi er inne i eit anna regime med større handlefridom, større evne til å investere og ein veldig positiv prosess med kommunesamanslåing. Eg trur dette på sikt vil gjere situasjonen betre i Selje, seier Osdal.