Aldersgruppa over 65 år planlegg å bruke 7.300 kroner kvar på presangar i år, mens aldersgruppene 55 til 64 år og 45 til 54 år skal bruke høvesvis 6.400 og 6.600.

Den typiske småbarnsforeldregruppa frå 35 til 44 år skal bruke 5.400 kroner, mens dei litt yngre, 25 til 34 år, brukar 4.700 kroner. Dei yngste vaksne anslår 3.600 kroner. Tala kjem frå ei undersøking gjennomført av Respons Analyse for DNB.

– Dei godt vaksne, over 65 år, er mest spandable, og kvinner gir meir enn menn. Til saman skal eitt besteforeldrepar bruke totalt 3.462 kroner i snitt per barn og barnebarn. Dette betyr at jo fleire barn og barnebarn du har, jo større blir summen, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB.

Det kan bli mange gåver under treet.

Vil skjemme bort

Jo meir husstanden tener, desto meir planlegg folk å bruke på barna sine. Men den samanhengen er ikkje der for besteforeldre. Det er faktisk besteforeldre med under middels eller middels inntekt som skal bruke mest pengar per barnebarn.

– Kan det vere at nokre besteforeldre, og kanskje husstandar med einslege besteforeldre, føler eit press på å gi fine, dyre gåver eller fryktar at dei ikkje gir like mykje som andre?

– Det kan sjølvsagt vere, men eg trur det at dei er så rause heng saman med at besteforeldra ønsker å skjemme bort barnebarna litt, pluss at dei har råd til det. Dette ei gruppe som gjerne bidrar med litt ekstra, spesielt dersom dei har barn – eller barnebarn – i etableringsfasen, seier Sandmæl.

Full kontroll

Sandmæl minner om at mange eldre i Noreg er på ein stad i livet der dei har moglegheita for å gi litt ekstra og har tid til å planleggje for det.

– Sjølv om dei ikkje har så høg inntekt, er nok sparebøssa tyngre og gjelda ofte nedbetalt, seier ho.

Fleire tal frå undersøkinga tyder på at dei eldre veit kva dei gjer, særleg gruppa over 65 år. Jo eldre folk blir, desto færre er det som seier at dei panikkhandlar gåvene i siste liten. Få eldre brukar meir pengar på gåver enn dei eigentleg hadde tenkt. Det er også færre blant dei eldre som fryktar skrapa konto i januar.

Kjøpepress

Sandmæl rår besteforeldre til å tenkje litt gjennom kva dei gir, heller enn å handle inn gåve på gåve for å nå ein viss sluttsum.

– I dag druknar mange barn i gåver på julaftan. Eg har høyrt om barn som ikkje eingong orkar å pakke opp alle gåvene sine, fordi det er så mykje. Då tek vi jo frå dei heile gleda. Så kanskje løysinga er færre gåver, kanskje dele opp beløpet slik at noko går til det dei ønsker seg og anna til noko i framtida deira, seier Sandmæl.

Sjølv om dei eldre tilsynelatande veit kva dei gjer og har råd til det, føler dei på kjøpepress og fleire kunne ønskt seg ei gåvefri jul. Dei fleste, heile to av tre frå 35 år og oppover, seier dei opplever kjøpepress, uavhengig av husstandsinntekt og sivilstand. Desse gruppene er også dei som i størst grad kunne tenkt seg ei gåvefri jul, over ein tredel seier det.