Det sa Sigurd Reksnes, gruppeleiar for Sp si kommunestyregruppe, då Alfred Bjørlo tok opp møteplanen som ei orienteringssak i samband med møtet i finansutvalet torsdag.

– Ein kan ha utvalsmøta tysdagar og onsdagar medan formannskapet og kommunestyret har torsdag som fast møtedag, slik som i dag. Poenget med ei slik justering er at då vil ein legge betre til rette for politiske prosessar i gruppene i framkant av møta. Vi kan då ha eit gruppemøte i staden for fleire, og handsame sakene som skal opp til handsaming i dei ulike utvala og formannskapet same veka. Slik som eg vurderer dette, vil det vi no foreslår også langt på veg imøtekomme dei innvendingane som har kome frå lokalpressa om dagens praksis, sa Sigurd Reksnes.

I framkant av orienteringa om møteplanen i finansutvalet  sende Eid-ordføraren ein epost til politikarane der han peikte på at rådmannen tenkjer seg ein møteplan tilnærma som i dag. Altså med hovudutval på onsdag eller torsdag eine veka, så formannskapsmøte torsdag i veka etter og kommunestyre torsdag veka etter det igjen.

Den endlege avgjerda for korleis den politiske møteplanen vert i 2018, er det kommunestyyret gjer i sitt siste møte før årsskifetet.