Dagen for opninga av julegata inviterer ein til julemarknad midt i Eidsgata. Her vert det små og store utsalsstandar samla under telt.

– Det vert ein fullpakka laurdag. Det er ingen tvil om at du denne dagen skal kome i julestemning, seier Kristin Rødven Eide og Tonje Camilla Sjaastad i Nordfjordeid senter.

– Mesteparten vert inni telt utanfor Betania, i tillegg til litt i sjølve gata. Julemarknaden vert ein litt annan sjanger og motpol til dagen før med Black FrEIDay. Laurdagen vert det ro og kos, der ein kan gå i nisjebutikkar og finne dei heilt unike tinga. Du får med andre ord det superbillige på Black FrEIDay og det unike på julemarknaden, fortel dei.

Variert

Eid bondelag er mellom dei som stiller på julemarknaden. Her vert også mykje lokalt handverk frå Nordfjord og litt Sunnmøre. Minibakeriet vert på plass, det vert også julefisk frå kystkulturlaget frå Vågsøy og Kvalitet frå havet. Her kjem Fjordgardsmat frå Holmedal, Brito, Norgesmat og Vaffleriet. Eid Miljø trekk ned i gata. Nordfjord skulekorps har eit opplegg med basar, Harpefossen og dei lokale sanitetskvinnene kjem også.

– Her vert ei god blanding med frivillige lag og organisasjonar. Du får sjølvsagt varma deg med gløgg, og så kan du kjøpe deg heimelaga julekort og julepynt. Det vert også laga til juleverkstad for ungar, smiler dei.

– Vi har gått ut aktivt for å få god balanse mellom mat og handverk, med fokus på kvalitet. Det vert like mange standar som under Eidamessa, men med mindre nisjestandar. Det passar fint ettersom denne laurdagen også er Nisjebutikkens dag, seier Eide. Alle butikkane har utvida opningstider denne dagen, også med tanke på at ein opnar julegata i Eidsgata denne dagen.

Kos og handel

– Vi får då med oss fakkeltoget som går frå kyrkjeparken til Maurstadparken for offisiell tenning av julegrana, opplyser damene.

Dei synest det sjølvsagt hadde vore fint med litt kvitt melisdryss under julemarknaden.

– Vi må ha snø, og det har vi bestilt, smiler Eide og Sjaastad.

Julemarknaden vert arrangert for første gang.

– Vi er flinke til å kose oss her på Eid, konstaterer dei, og håper mange vil finne vegen til Nordfjordeid denne dagen.

– Vi håper her skal kry med folk. Gjennom heile sommaren har vi sett at det er stor interesse for ting som skjer i gata, og dei som kjem skal få ei god juleoppleving, lovar Sjaastad.

Julesnøen er bestilt til den første julemarknaden som vert arrangert på Nordfjordeid laurdag. Foto: Arkiv