–Tilbakemeldingane derifrå går ut på at det bles kraftig. Det er varsla mykje vind og kraftige snøbyer i fjellet laurdag, så vurderinga er at det er best å vente med opninga til søndag, då er det meldt mindre vind i fjellet, seier Jarle Åsebø.

Snø i fjellet

–Sjølv om vi har hatt nokre dagar med mildver og mykje vind i låglandet, har det meste av nedbøren kome som snø i fjellet. Nede ved heisstasjonen på Furehogane måler vi 73 cm snø fredag føremiddag.