For heil barnehageplass vert det lagt opp til ein auke frå 2.730 kroner per månad i 2017 til 2.910 kroner/mnd i 2018. Dette svarar til ein auke på 6,6 %, dvs. 180 kroner per mnd.

For 80 % plass er satsen uendra på 2328 kr/mnd, medan 60 % plass får ein reduksjon på minus 7,6 % og går ned frå 1.890 kr/mnd til 1.746 kr/mnd i rådmannen sitt framlegg. Det er søskenrabatt på 30 % for barn nr. 2 og 50 % for barn nr. 3.

Både i SFO og i kulturskulen er det lagt opp til ein auke på 3 % i betalingssatsane. Betaling for SFO over 14 timar per veke blir neste år 2.374 kr/mnd. Inntil 14 timar per veke 1.998 kr/mnd og inntil 8 timar per veke, 1.396 kr/mnd per barn.

Dyrare avløp og planlegging

Rådmannen i Eid legg i 2018-budsjettforslaget til grunn at generell løns- og prisvekst vil kome til å bli om lag 3 %, og ein har lagt seg på dette nivået når det gjeld dei fleste satsane.

Innan avløp er det lagt inn 20 % auke i forbruksgebyr med vassmålar og gebyr etter bruksareal i bustad.

Husleigesatsane i kommunale bustader vert auka i samsvar med auken i konsumprisindeksen og ligg i budsjettframlegget inne med 1,6 % auke frå 2017 til 2018.

Innan pleie- og omsorgstenestene er det lagt opp til å auke betalingssatsane med 3 % for dei fleste tenestene. Det same gjeld teknisk, mellom anna leige i Eidahallen, idrettshus og symjehall. Når det gjeld betaling for planleggingstenester, ligg det inne ein auke på 25 %, frå 720 kroner til 900 kroner per time.