I dag opnar utstillinga om Gruffalo og eventyrskogen på Eid bibliotek. Det er elevar frå Vg 2 Interiør og utstillingsdesign som har laga figurane til historia om Gruffalo. Biblioteket blir som vanleg laurdagsope og i sofa-området blir eventyrskogen sett opp. Her kan ein gå inn i skogen og vere saman med både Gruffalo, musa, slangen, reven og treet med ugla. Det blir også laga til aktivitetar som skattejakt og kaste erteposar i holet på treet under ugla. Så blir filmen om Gruffalo vist i biblioteket, samt at det blir høgtlesing frå boka. Dei som vil kan også få ta bilde av seg sjølv ved sidan av Gruffalo eller dei andre figurane, og så blir det servert ein matbit på biblioteket. Idéen til denne visualiseringa av Gruffalo kjem frå operahusleiar og kultursjef Geir Holmen.

Elevar design

– Sist hadde vi ein dag om Pippi på biblioteket. Då kom det rundt 300 menneske og det vart ein suksess. Denne gongen har vi sett nærare på Gruffalo og verda hans. Vi er så heldige å ha designelevar her på skulen, og dei har gått på denne oppgåva med stor iver, seier Holmen som no er imponert over den visualiseringa av denne historia som elevane har klart å få til. I fjor kom Gruffalo til verda på skulen, og no har dei andre figurane kome på plass desse siste vekene.

Hønsenetting

Oppskrifta for å lage figuarane er hønsenetting og papir. Litt lim må også til for å det heile til å halde saman. Så er det berre fantasien som set grenser for kva som kan brukast for å få levandegjort desse dyra. Både Gruffalo og reven har fått på seg solide pelsar. Og til dei skarpe neglene til Gruffalo er det brukt avdanka skeier.

Viktig med barnelitteratur

– På Eid bibliotek har vi ei rikhaldig og spennande samling med barnebøker. For å få fleire til å interessere seg for litteratur satsar vi først og fremst på barna. Det er der ein kan legge grunnlaget for seinare leseglede seier Holmen som opplyser at slike aktivitetar er ein del av arbeidet med å få endå fleire til å oppdage gleda ved å bry seg om bøker og litteratur. Han seier at det blir endå fleire slike aktivitetar framover retta mot barn. Kva det blir får berre publikum sjå ettervart.

– For dei vaksne har vi hatt ein del forfattarbesøk, og det kjem vi til å halde fram med, seier Holmen. Utstillinga om Gruffalo kjem til å stå utstilt i nokre veker framover, og Holmen trur at dette kan vere attraktivt for både barnehagar, skular og andre.

13 millionar bøker

Boka om Gruffalo kom ut i 1999, og forfattaren er engelske Julia Donaldson. Den blei raskt populær og etterkvart oversett til fleire språk. Handlinga er den vesle redde musa som ikkje torer seg inn i skogen der både slangen, reven og ugla er. Så møter ho Gruffalo, der verste uhyre av alle. Men musa klarer å bli så modig at ho kan få Gruffalo til å tru at ho er sterkare enn han. I 2009 kom historia om Gruffalo som film, og den har blitt til teater og sett opp på mellom anna Broadway, West End og Sydney Opera House i Australia. Historia om den vesle redde musa og den store stygge Gruffalo har treft barnehjerte over heile verda, og tjue år etter fødselen er det stadig nye generasjonar som let seg begeistre av denne rørande forteljinga.