Formannskapet i Eid har bede rådmannen om å legge på bordet økonomiske og andre effektar av sommarstengt barnehage i Eid på line med andre kommunar i Nordfjord.

Vågsøy kommune har tre veker sommarstengt, i Stryn er det sommarstengt i fire veker, i Gloppen to veker, i Selje kommune fire veker og i Bremanger kommune to veker. I Førde og Florø er det ikkje sommarstengt i barnehagane.

Tidleg eller sein ferie

Det er ikkje alle foreldre som har mogelegheit til å velje sjølv når dei vil ha ferie. På ein del arbeidspassar må du til dømes ta tidleg ferie eitt år og sein ferie eit anna. Det kan vere vanskeleg å få arbeidsgjevarane sine behov til å passe med tidspunkt for sommarstenging.

– Set pris på friheita

Foreldrerepresentant i Golvsengane barnehage, Anders Myrhol vil gjerne behalde dagens ordning med barnehagetilbod heile sommaren og stor grad av valfridom for foreldra når det gjeld kva tid barna skal ta ut ferie.

– Det vil vere mange foreldre som vil kunne tilpasse seg, men ein del kan få problem. Det er ikkje alle som har mogelegheit til å ta ferie når ein sjølv ønskjer, og barna får kanskje ikkje ferie saman med foreldra. Vi set pris på den friheita vi har, seier Myrhol.

– Bra med valfridom

Monica Krogenes Solheim er foreldrerepresentant i Haugen barnehage. Ho tykkjer det er veldig bra å ha valfridom når det gjeld kva tid ein tek barna ut i ferie, og ikkje vere låst til dømes til å ta ferie i juli.

Solheim tenkjer spesielt på familiar der ein er åleine om ansvaret og må ta dei vekene som kommunen har bestemt. Dette kan by på problem. Til dømes om du jobbar i helsesektoren er det ikkje alle som kan ta fri dei tre siste vekene i juli.

– Det er heilt supert slik det er no. Det er ein fordel at du sjølv kan bestemme utifrå når det passar å ta ferie. Eg synest ikkje at ein bør kutte, seier Solheim. Ho understrekar at dette er hennar personlege meining. Saka har ikkje vore diskutert med dei andre i foreldregruppa i Haugen barnehage.

Har rekna på det

Kommunalsjef Harald Sivertsen har rekna på økonomisk innsparing ved å feriestenge barnehagane i fire veker. I konsekvensjustert budsjett for 2018 var det lagt inn 320.000 kroner til ferievikarar. Sivertsen opplyser at ved å halde sommarstengt fire veker vil Eid kommune spare mellom 200.000 kroner og 250.000 kroner. Tilsette over 60 år har rett til ei femte ferieveke, og resten av vikarmidlane vil då bli nytta til denne ferieavviklinga.

Er stengt romjul og påske

Det er Oppvekst- og kulturutvalet som årleg handsamar sak om barnehageruta. Barnehageruta fastset barnehagane si daglege opningstid og om barnehagane skal vere stengde i visse periodar. Av barnehageruta for 2017/2018 går det fram at dei kommunale barnehagane i Eid er stengt i romjula og påskeveka pluss fem planleggingsdagar.

Minst tre veker sommarferie

I vedtektene for dei kommunale barnehagane i Eid står det at i løpet av barnehageåret skal alle barn ha fem veker ferie. Ei veke vert brukt i samband med planleggingsdagar fordelt på heile året. Minst tre veker samanhengande skal i hovudregelen takast ut i tidsrommet 15.05-15.08. Fastsetjing av ferie må avtalast i god tid, helst før 1. mai. Ønskjer ein unnatak frå hovudregelen, må ein søkje skriftleg til styrar i barnehagen på førehand.

Ønskjer sommarope: Foreldrerepresentant Anders Myrhol i Golvsengane barnehage ønskjer at det framleis skal vere sommarope i barnehagane i Eid kommune. Foto: Privat
OPPDRAG: Kommunalsjef Harald Sivertsen har rekna på økonomisk innsparing på oppdrag frå formannskapet i Eid. Foto: Anna Wuttudal