Dei som er aller mest avhengige av at vintertida blir akkurat det som ein vanlegvis tenkjer på når det gjeld dette uttrykket, altså snø og skiføre, er Harpefossen skisenter. Spesielt med tanke på det katastrofale fjoråret, er det svært viktig at vi no får ein skikkeleg vinter igjen.

I morgon opnar fjellheisen på Furuhogane på Harpefossen, og neste veke blir det sannsynlegvis sett i gang snøproduksjon. I alle fall dersom vêrmeldingane står seg, noko ein aldri har nokon garanti for at dei vil gjere.

Sidan måndag har det vore muleg å gå langrenn i Hjelmelandsdalen. Det har også blitt trakka løype frå Tua til Sagesetra, for dei som har tatt turen til Stigedalen. Vi kryssar fingrane for at vi no får ein stabil og snørik vinter, for det vil ha mange negative ringverknader som vi får ein reprise av fjoråret.

I fjor var det som dei fleste vil hugse knapt nok forhold til å stå på ski i det heile lokalt. Konsekvensane er store. Dei som merkar det sterkast, i alle fall økonomisk, er Harpefossen skisenter. For at skisenteret skal klare å betene gjeld og gjere nye og heilt nødvendige investeringar, er ein prisgitt vêret. Det blir no gjort tiltak for å utvide snøproduksjonen, noko som vil gjere at skisenteret vil stå seg endå betre mot dårlege vintrar, slik at ein også då vil få nødvendige inntekter. I tillegg er Harpefossen avhengige av å ha opne heisar og løyper, for framleis å vere attraktive for hyttebygging.

Snøfattige vintrar er også svært negative for dei mange som likar å gå på ski som rekreasjon. Det er også negativt for rekrutteringa til skiidrettane, spesielt om ein får fleire snøfattige vintrar på rad. Derfor kryssar vi fingrane for at vi no får ein heilt annan vinter enn sist.