Då skal nemleg fjorårets MGP junior-vinnarar opptre utanfor gullsmedforretninga BergArt i Eidsgata. Her blir det både lansering av dei to nye singlane frå Vilde og Anna, og ei lansering av eit nytt produkt frå gullsmedverkstaden.

Det nye produktet er eit smykke, som er laga spesielt til éin av dei nye låtane til Vilde og Anna.

På NRK Supernytt

Denne veka var NRK Super sitt eige nyheitsmagasin for barn, Supernytt, på Nordfjordeid. Årsaka til besøket er at dei vil ha svar på dette spørsmålet: Korleis kan ein liten stad som Eid få fram to MGP Junior-vinnarar på rad? Resultet vil du om kort tid kunne sjå på NRK Super.