Fylkesmannen si tilråding

Fylkesmannen tilrår altså grensejustering slik at Bryggja blir flytta til Stad kommune. Det er i tilrådinga lagt avgjerande vekt på at ei grensejustering vil lage ein funksjonell og samanhengande Stad kommune og at dette vil vere i tråd med den klare folkevilja hjå innbyggjarane. Dei økonomiske ulempene ved ei grensejustering blir vurdert å vere klart innanfor det som er forventa løyst gjennom oppgjeret som skal skje mellom kommunane, og framtidig utjamning av inntekter og utgifter.

Bakgrunnen for tilrådinga er eit innbyggjarinitiativ frå Bryggja utviklingslag med underskrifter frå om lag 240 personar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemte at saka skulle greiast ut, og ga Fylkesmannen oppdraget i brev motteke 14.06.2017.

Telemarksforsking har stått for faktautgreiinga og har også fått gjennomført innbyggjarundersøkinga. Det går mellom anna fram av rapportane deira at Bryggja har 541 innbyggjarar, noko som utgjer om lag 9 prosent av innbyggjarane i dagens Vågsøy kommune. Innbyggjarane er i undersøkinga tydelege på at dei ønskjer å bli ein del av Stad kommune. Vidare viser utgreiingane at det er små skilnader i reisetid frå Bryggja til kommunesentera i Vågsøy, Selje og Eid – og at Eid er den klart største utpendlingskommunen for folk på Bryggja. Telemarksforsking konkluderer med at dersom Bryggja blir ein del av Stad kommune framfor å bli med i Kinn kommune, vil innbyggjarane bli ein del av ein meir funksjonell og integrert kommune samanlikna med Kinn.

Dei involverte kommunane er delte i synet på grensejustering. Vågsøy kommune er imot grensejusteringa, og held fram at innbyggjarane på Bryggja får dekka sine behov i framtida ved å vere ein del av Kinn kommune. Tenestene vil dessutan vere nærare i avstand enn i Stad kommune. Vidare viser dei til at det vil medføre betydelege kostnader for Vågsøy å erstatte omsorgsbustader, og at dei risikerer å miste medarbeidarar det er stor trong for i kommunen. Det blir halde fram at ei ny fellesgrense mellom Selje og Eid vil gå i utmark, og at ein framleis må krysse fylkesgrensa til Møre og Romsdal på strekninga mellom Eid og Selje. Flora kommune og fellesnemnda for Kinn støttar Vågsøy sitt syn på grensejusteringa.

Eid kommune og Selje kommune er for grensejusteringa, og held fram at det er ei tydeleg folkevilje for flytting av Bryggja. For kommunane vil det vere ein geografisk føremon om Bryggja vert innlemma, då det vil skape ein samanhengande ny kommune, der Bryggja ligg sentralt i den nye Stad kommune. Frå deira synspunkt vil det vere naturleg i framtida å vurdere kva tilbod som kan byggjast opp på Bryggja.