Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) er ueinig i tilrådinga frå Fylkesmannen om grensejustering. Ho meiner det er svak argumentasjon og ikkje gode faglege argument for tilrådinga om at grensa mellom noverande kommunar Vågsøy, Selje og Eid blir justert slik at området Bryggja med krinsane Totland, Bryggja og Maurstad blir flytta frå Vågsøy til Selje/Eid (Stad kommune).

Maurstad var ikkje heilt uførebudd på det som i dag kom frå Fylkesmannen, med bakgrunn i Telemarkforsking si utgreiing, som ho meiner ikkje var grundig nok.

Vågsøy-ordføraren er skuffa over at argumenta til fleirtalet i kommunestyret i Vågsøy ikkje blei vektlagde, men er innstilt på å gå i dialog med Eid/Selje. Ho peikar på at det er kommunaldepartementet som skal ta endeleg avgjerd i saka.

–  Ein god match

Einar Midtbø frå Bryggjalista uttrykkjer stor glede over tilrådinga frå Fylkesmannen.

– Å tilhøyre Stad kommune er ein god match for Bryggja og betyr betre muligheiter enn å vere ein utkant i Kinn. Vi er dessutan nordfjordingar og likte ikkje å bli knytta til ein sunnfjordkommune, seier Midtbø.

Han er ikkje overraska over tilrådinga, det var svært sterke argument for Stad.

Midtbø vedgår at det kan bli ei utfordring å sitje endå to år i kommunestyringa av Vågsøy, men han er for sin del fullt innstilt på å arbeide lojalt for Vågsøy ut perioden. Han seier avslutningsvis at det som endra stemninga på Bryggja og fekk folkefleirtalet til å gå inn for Stad, var ordføraren sitt avtalebrot etter av ordførarjobben var sikra.