Det seier Torgeir Bruun Wyller, leiar i Helsetenesteaksjonen (HTA) og professor i geriatri ved Oslo Universitetssjukehus, og legg til at HTA kjempar for ei helseteneste med høg kvalitet for alle, som er solidarisk og som set pasienten i sentrum.

Ti tiltak

–Skal vi få dette til må vi slutte å styre offentlige helse- og omsorgstenester som om dei var privatkapitalistiske føretak. Vi må fjerne helseføretaksmodellen, og ha meir kompetent leiing og mindre administrasjon. Vi må kutte ned på bruken av konsulentar og vise helsepersonell og andre fagfolk tillit. Vi må ikkje legge ned vel fungerande lokalsjukehus, men tvert i mot gje dei stabile driftsvilkår så dei kan rekruttere fagpersonell og halde god kvalitet. Vi må auke talet på sjukehussenger og la eitt sjukehus få vere ei administrativ eining. Vi må avskaffe bestiller-utfører-modellen i kommunane, seier Bruun Wyller og som i tillegg meiner at ein må krevje ein minstestandard for kompetanse og bemanning i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Pasienten gløymt!

–Privatkapitalistiske føretak som blir styrt etter New public management (NPM)-metoden styrer helse- og omsorgstenestene etter gevinst og vinning, og pasienten blir gløymt! Helseføretaksmodellen er basert på mistillit frå den overordna til dei underordna, og bryt dermed både med helsefaga sitt verdigrunnlag og med sentrale prinsipp i moderne leiing. Den er heller ikkje foreinleg med at helsevesenet som system kan sette pasienten i sentrum, seier  Torgeir Bruun Wyller.

Leiarrollen

–Vi saknar kompetente leiarar som tek det ansvaret leiarrollen inneber, og ikkje kjøper seg fri frå dette ansvaret gjennom å bruke av eksterne «spesialistar» på konsulentbasis. Mindre administrasjon inneber meir føremålstenleg målstyring ovanfrå og ned - og meir tid til pasientretta aktiviteter, samt auka fokus på fag. Mengda med kontroll- og rapporteringsrutinar er no på eit nivå som er kontraproduktivt og må derfor reduserast. I dei fleste sektorar kan små einingar vere verdsleiande i kvalitet, uavhengig av kor dei er lokalisert, seier Torgeir Bruun Wyller.

I botnsjiktet

Norge ligg i botnsjiktet i Europa i talet på sjukehussenger i forhold til folketalet. Dette fører til for tidlige utskrivingar, mange reinnleggingar, og gjer at kommunane blir sittande med ansvar for stadig dårlegare pasientar. Bestillar-utfører-modellen medfører at alle instansar får eit insitament til å skyve sjuke- og hjelpetrengande frå seg. Dei som jobbar tett på i det daglige veit best kva som trengst, og er best skikka til å vurdere aktuelle tiltak, seier Torgeir Bruun Wyller.

-Vi må fjerne helseføretaksmodellen, og ha meir kompetent leiing og mindre administrasjon, seier Torgeir Bruun Wyller, leiar i Helsetenesteaksjonen (HTA). Illustrasjonsfoto frå styremøte i Helse Førde HF. Foto: Tormod Flatebø