Barnas fjordhestlag vart starta for snart halvanna år sidan. Initiativtakar var Marie Thorson Natten på Langedrag naturpark. Ho er hesteansvarleg ved Langedrag, der deira 35 fjordhestar blir brukt til aktivitetar for heile familien.

For rundt eitt år sidan blei det også bestemt at Norsk fjordhestsenter i Eid skal gå i spissen for å starte opp Barnas fjordhestlag her.

Marte Starheimseter har fått oppgåva med å utvikle dette pilotprosjektet, som er meint å gje ringverknadar nasjonalt.

Ho har mellom anna hatt samarbeid med Marie Thorson Natten på Langedrag, og det skal lagast eit aktivitetshefte med framlegg til idéar til kva ein kan gjere.

Barnas fjordhestlag er eit samarbeid mellom Norges fjordhestlag, Langedrag naturpark og Norsk fjordhestsenter.

Lågterskel

Første samling for Barnas fjordhestlag her på Eid var på Løken gard no på laurdag. Der fekk barna ri på hest, ha kontakt med fjordhesten og vere med på køyretur.

–For oss er det viktig at dette skal vere eit lågterskeltilbod. Ein treng ikkje ha ei stor og flott ridebane for å satse på eit arrangement. Målet er at barna skal få kontakt med fjordhesten og oppdage gledene ved å stelle med denne barnevenlege hesten, seier Marte som opplyser at neste samling kan bli på Årøyane gard i Hjelmelandsdalen, truleg ein gong ut på våren. Elles satsar dei på å få til aktivitetar for barn i samband med Hesteutstillinga på Eid til våren.

Melde seg på

Dei som vil vere med i Barnas fjordhestlag kan melde seg på det nasjonale laget. Etterkvart blir det satsa på aktivitet tilknytt dei ulike lokale fjordhestalga her i landet. Om det blir starta eigne lokale Barnas fjordhestlag rundt omkring er ikkje teke stilling til enno. Fram til no er det 94 barn som har meldt seg inn i Barnas fjordhestlag.

Meistringskjensle

Det er gjennom fleire studiar vist at å drive med hest har positiv effekt på barn og unge. Aktivitetar med hest fører til betre fysisk og psykisk helse, og å lære seg å samarbeide med hesten gjev barna meistringskjensle og sjølvtillit.