Siste året har dei reist rundt i heile Norge og opptredd på konstertar og festivalar, og også deltatt i fleire underholdningsprogram på riksdekkande TV. I haust har dei har vore i studio og spelt inn ein flunkande ny EP, som blir gitt ut i starten av 2018.

Fra denne EP’en blir det sleppt to singlar komande fredag, «Vintertid» og «Gje blaffen». Jentene gler seg veldig til å gje ut ny musikk, og er kjempespente på om publikum tek godt imot dei nye songane, heiter det i ei pressemelding.

«Vintertid» (tekst&mel: V. Hjelle) handlar om den fine tida som er når den fyrste snøen kjem, og all spenninga og følelsane som er knytt til å gå inn i den fine vintertida, med snø og kulde.

«Gje blaffen» (tekst&mel: A.Naustdal/V.Hjelle) handlar om at både unge og vaksne må bli flinkare til å «gje blaffen» i ting som egentlig ikkje betyr noko, og heller vere den ein er og bruke energien sin på ting som virkelig er viktige her i livet.

Musikken er spelt inn og miksa ferdig av Ocean Sound Recordings på Giske, og Aleksander Raftevold har vore produsent, mens Johan Espelund og Karl Oskar Nyberg har bidratt på instrument.