Formannskapet utsette torsdag sak om omsorgsbustader på Myroldhaug endå ein gong. Politikarane ber om at det vert vurdert ytterlegare tiltak for å ta ned investeringsramma til bygget. I diskusjonen vart det spesielt peika på solcelleanlegg, aggregat og reduksjon i storleiken på garasjebygget. Dei viser også til Eid råd for menneske med nedsett funksjonsevne si handsaming av saka, og ber rådmannen gjere greie for korleis brukarane sine behov og lovfesta rettar vert ivaretatt.