Bilbeltekontroll på Nordfjordeid:

Strålande nøgde med resultatet

Statens vegvesen er strålande nøgde etter ein kontroll med fokus på bilbeltebruk på Nordfjordeid måndag.

  Foto: Illustrasjon.

Nyhende

Det var ved Rv. 15 på Nordfjordeid at Statens vegvesen heldt kontroll av lette køyretøy, med fokus på bilbeltebruk måndag. I alt vart 133 køyretøy kontrollerte. Samtlege førarar og passasjerar brukte bilbelte.

– Dette er vi strålande nøgde med, melder Statens vegvesen.