Detaljreguleringsplan for masseuttak i Hjelmelandsdalen har tidlegare vore lagt fram for teknisk- og samfunnsutvalet. Der vart det private framlegget til detaljreguleringsplan for masseuttak i Hjelmelandsdalen avvist, med bakgrunn i at vegsystemet i området ikkje er eigna til eit slikt tiltak.

Forslagsstillar kravde at saka vart lagt fram for kommunestyret, og grunngav dette med at han meiner at vegsystemet, avkøyrsel og auke i trafikk er tilstrekkeleg vurdert i planomtalen. Det vert vist til at planlagt tiltak vil føre til ei minimal auke i trafikk på fylkesvegen, og er difor vurdert til å ikkje auke sannsynet for ulukker med omsyn til gåande og syklande. Det vart også vist til at kommunen administrativt har tilrådd både oppstart og offentleg utlegging av detaljreguleringsplanen.

I kommunestyret fremja Nils Helge Løkling (Ap) rådmannen sitt opphavlege framlegg på nytt, og det vart vedteke (18 røysta for) at detaljreguleringsplan for masseuttak i Hjelmelandsdalen vert lagt ut til offentleg ettersyn i seks veker

Området er på om lag 50 dekar, og samla uttak er berekna til om lag 700.000 m3.