Dette kjem fram i ei meiningsmåling gjort av fjordabladet.no. 85 prosent av dei som har svart på Fjordabladet sitt spørsmål om Bryggja bør bli ein del av Stad kommune, svarar ja. 13 prosent seier nei, medan to prosent ikkje har gjort seg opp nokon  meining. Totalt har 1220 personar svart på spørsmålet.

Fjordabladet har no lagt ut eit nytt spørsmål som du kan gje ditt syn på. Spørsmålet er:  Meiner du at Eid kommune bør auke eigedomsskatten for å få 2018-budsjettet i balanse?