(Foto: Arkivfoto)

Foto: Arkivfoto

Gratis symjing og kino


Kommunestyret i Eid har tidlegare vedteke å innføre ei prøveordning med aktivitetskort for barn i familiar med dårleg økonomi. Det vart løyvd 25.000 kroner til ordninga.

Kommunestyret har no vedteke at midlane skal brukast til gratis klippekort til symjehallen og to kinobillettar i halvåret til barn av sosialhjelpsmottakarar og flyktningar i introduksjonsordninga mellom 6–19 år, samt støtte til sikkerheitskurs i regi av BUA (kajakk/padling)