Planforslaget har vore ute til offentleg ettersyn, og i møte torsdag godkjende Eid kommunestyre samrøystes interkommunal kommunedelplan for ferjefri kryssing av Nordfjorden ved Lote i Eid kommune.

Kommunedelplanen består av to plankart i tillegg til tilhøyrande plandokument. Det er utarbeidd eit plankart for Anda i Gloppen kommune og eit plankart for Lote i Eid kommune. Kommunedelplanen er ein arealplan som regulerer nødvendig landareal for ilandføring av ulike brualternativ. Plankarta omfattar såleis berre noko areal i sjø, der bruene skal førast i land. Utover dette er det sett av linjer som syner noverande hovudveg og framtidige alternative vegtrasear både for bruer, tunnel og veg i dagen.

Kommunedelplanen er ein overordna arealplan, som må følgjast opp med moglegheitsstudiar/konseptvalutgreiingar og detaljreguleringsplan.Det er per i dag usikkert kva tid neste fase med konseptvalutgreiing vil starte opp.

Det var i utgangspunktet skissert til saman seks moglege bruplasseringar. I planarbeidet har ein kome fram til tre moglege bruplasseringar (A, B og C), og ein har også peika på kva type bruløysingar som kan vere aktuelle. Alternativ A opnar for flytebru med seglingshøgde på 40 m, og med sluse for større skip. Alternativ B og C opnar for flytebru eller hengebru, med skipspassasje på 75 m.

Grunneigarar langs fylkesvegen mellom Vikaneset og Lote ferjekai meiner at planarbeidet om ferjefri fjordkryssing av Nordfjorden er viktig for utviklinga i midtre Nordfjord som ein samla bu- og arbeidsmarknad og for heile Nordfjord som region.Når det gjeld ilandføringsalternativ B og C i planen meiner dei at begge desse alternativa vil få store negative konsekvensar, og vil svekke butilhøve, tilhøve for rekreasjon og friluftsliv og tilkomst til ulike delar av området. Konklusjonen til grunneigarane, er at dersom det skal bli ei ferjefri kryssing av fjorden bør det skje etter alternativ A. Eit alternativ som, etter deira syn, medfører langt færre negative konsekvensar for området på Nedre Lotsberg enn alternativ B og C.

les også

les også