Framlegget kjem i rådmannen sitt framlegg til balansert budsjett for Eid kommune for 2018, og er eitt av fleire tiltak for å få budsjettet i balanse.

Bakgrunnen for framlegget om auke i eigedomsskatten er at det konsekvensjusterte budsjettet, altså det budsjettet som viser kva ei vidareføring av drifta frå 2017 vil føre til, viser eit stort underskot. Totalt er dette underskotet på over 26 millionar kroner.

Det er altså på det reine at det må gjerast endringar for å få budsjettet i balanse, noko som er standard prosedyre på desse tider av året. Slike endringar vil vere å auke inntektene (t.d. auke eigedomsskatten) eller kutte i utgiftene (t.d. kutte kommunale stillingar).

Sjølv om ubalansen er relativt stor, er altså dette ikkje noko nytt. Spørsmålet blir om det er fornuftig å pålegge innbyggarane endå større utgifter gjennom auke i eigedomsskatten. Når ein ser kor mykje dei kommunale avgiftene har auka dei siste åra totalt sett, er svaret heilt klart nei. Grensa for kor mykje ein kan pålegge folk å betale av pengar ein allereie har skatta for bør no vere nådd.

Eid kommune har eit klart mål om å auke folketalet, og då er det spesielt å få familiar i etableringsfasen til å busette seg i bygda som er målet. Med dette som mål er det feil medisin å auke eigedomsskatten. Kommunen bør heller ta ein kritisk gjennomgang av utgiftene til ikkje lovpålagde oppgåver. Deretter får ein gå laus på dei lovpålagde, og gjere dei tiltaka som måtte vere nødvendige. Dette er i prinsippet den same prosessen ei kvar privat hushaldning må gjennom med jamne mellomrom. Det bør ikkje vere vanskelegare for kommunen.