Ruin: Therese Lien Smenes og Anders Lien ber Selje kommune forfatte støtteskriv for reising av nytt hotell i Selje sentrum.
            (Foto: Tormod Flatebø)

Ruin: Therese Lien Smenes og Anders Lien ber Selje kommune forfatte støtteskriv for reising av nytt hotell i Selje sentrum.Foto: Tormod Flatebø

Ber om kommunal støtte

–Vi har allereie fått fleire støtteskriv frå viktige partar, blant anna Visit Nordfjord, men manglar eitt frå Selje kommune.

Dette skriv Therese Lien Smenes og Anders Lien i eit brev til Selje kommune og viser til pågåande prosess for å forsøke å få bygd eit nytt hotell i Selje Sentrum som erstattar det som blei lagt i ruinar i samband med den tragiske brannen i november 2016.

Positivt

–Prosjektet treng all positiv draghjelp som kan mobiliserast, og på den bakgrunn bed vi Selje kommune om å forfatte eit «Støtteskriv for gjenreiseing av Selje hotell sentrum». Vi har allereie fått fleire støtteskriv frå viktige partar, blant anna Visit Nordfjord, men manglar eitt frå Selje kommune, heiter det i brevet.

– Vi ser for oss at støtte skrivet påpeikar viktigheita av at eit nytt, livskraftig hotell med eigne attraksjonar vert reist på hotelltomta i Selje sentrum. Ikkje minst den rolla eit slikt hotell vil kunne spele for verdiskapinga og positiv utvikling innan reiseliv elles, men og den generelle samfunnsutviklinga i regionen.

Spenande ting

Etter hotellbrannen i 2016 har det dessutan skjedd fleire spennande ting innan reiselivet i selje kommune, både med restaurering av sjøbuer til stder for overnatting, serveringsstader og ikkje minst hotellsatsinga på Stadlandet. Også desse vil dra stor nytte av at det gjenoppstår ein reiselivsmotor på hotelltomta i Selje sentrum som kan bidra med å skape nødvendig omsetningsvolum til reiselivet i området.

Støtteskrivet bør også fokusere på at den positive utviklinga som er innan reiseliv i Indre Nordfjord naturleg nok og styrkjer oss her ute ved kysten: «Alt i ein fjord», heiter det i brevet frå Therese Lien Smenes og Anders Lien.

Fjordabladet ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.