Nye reglar for gjødsling kan bli dyrt for bøndene. 
            (Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix/ NPK)

Nye reglar for gjødsling kan bli dyrt for bøndene. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix/ NPK

Nye krav til gjødsling

Kan koste dyrt for bøndene

Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Mattilsynet skal komme med forslag til nye gjødselreglar før nyttår. Det kan koste bøndene dyrt, ifølgje ein rapport frå Nibio.

Blant forslaga som er oppe til vurdering er strengare krav til lagerkapasitet, spreietidspunkt, spreieareal og spreiemetodar ut frå miljøomsyn, ifølgje avisa Nationen.

– Det er behov for utbetring ut frå situasjon vi har i dag, noko vi har ambisjonar om å få til. Det er for dårleg utnytting av gjødsla i dag, noko som gir utslepp til vatn. For mykje av gjødsla blir spreidd på tidspunkt utan plantevekst. Vi vil legge fram løysingar på dei problema, seier Magnar Haugen, seniorrådgjevar i Landbruksdirektoratet til Nationen.

Enkelte av dei nye forslaga er venta å koste milliardbeløp. Blant tiltaka som kan koste bøndene dyrt er krav om å påleggje alle bønder å ha kapasitet til å lagre all husdyrgjødsel i minst eitt år. Kravet i dag er åtte månader. ifølgje ein rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).