Blant forslaga som er oppe til vurdering er strengare krav til lagerkapasitet, spreietidspunkt, spreieareal og spreiemetodar ut frå miljøomsyn, ifølgje avisa Nationen.

– Det er behov for utbetring ut frå situasjon vi har i dag, noko vi har ambisjonar om å få til. Det er for dårleg utnytting av gjødsla i dag, noko som gir utslepp til vatn. For mykje av gjødsla blir spreidd på tidspunkt utan plantevekst. Vi vil legge fram løysingar på dei problema, seier Magnar Haugen, seniorrådgjevar i Landbruksdirektoratet til Nationen.

Enkelte av dei nye forslaga er venta å koste milliardbeløp. Blant tiltaka som kan koste bøndene dyrt er krav om å påleggje alle bønder å ha kapasitet til å lagre all husdyrgjødsel i minst eitt år. Kravet i dag er åtte månader. ifølgje ein rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).