First Lego League 2017 sette i dag rekord med heile 20 lag samla i Operahuset Nordfjord. Finalen er nyleg over og det var Volda legoklubb som stakk av med den gjevaste prisen, First Lego League. Ein pris på 10.000 der dei også får vere med på Nordisk finale på Fornebu.

Dei ulike laga kom frå Eid ungdomsskule, Davik oppvekst, Volda ungdomsskule, Ørsta ungdomsskule, Hauge skule i Bremanger, Kalvåg oppvekst i Bremanger, Svelgen oppvekst og Stryn ungdomsskule.

Volda legoklubb er ein frittståande klubb i Volda.