Under ein kontroll i Deknepollen fredag føremiddag fekk tre bilførarar bruksforbod fordi dei hadde film å vindauge på bilen. Det blei også skrive ut fire bøter for manglande bruk av bilbelte. To gebyr for manglande dokument og eitt gebyr for upassande dekk. Tal på køyretøy som blei kontrollerte var 386.

Ved Nordfjordeid trafikkstasjon same dag fekk ein lastebilsjåfør gebyr for ikkje å ha med tilstrekkeleg antal kjettingar. Han mangla to stykker og fekk 1000 kroner i gebyr.

Ein førar fekk mangel for sprekk i frontruta på bilen.