– For politiet i Vest politidistrikt markerte driftsettelsen at politidistriktet no har fått ein større og meir robust operasjonssentral, som dekkjer heile politidistriktet. Dette inneber også at politidistriktet no har ein felles rednings- og kriseleiing. Fagkompetansen er no samla og dette vil gi betre tenester ti innbyggjarane, seier politimeister Kaare Songstad.

Den nye operasjonssentralen held til i Bergen. Politiet skal vere betre rusta for eit auka trusselnivå. Ein felles operasjonssentral og felles rednings- og kriseleiing er ein viktig del av dette.

Inga endring

Det blir ingen endring for innbyggjarane. Dei skal forholde seg like eins, og ringe 112 i nødstilfelle, og 02800 elles. Det dei vil merke som er annleis, er korleis politiet jobbar på staden. I dag gjer politiet stort sett ferdig både avhøyr og åstadsarbeid på staden, og det er sjeldnare at folk blir kalla inn til avhøyr i etterkant. Det er meint å gi ein meir effektiv straffesaksbehandling.