Har kontrollert 17 tunge køyretøy

Mangla sikt, fekk ikkje køyre vidare

To tunge køyretøy mangla sikt og fekk ikkje køyre vidare, under kontroll på Kjøs og Folven.

Statens vegvesen hadde onsdag kontroll på Kjøs og i dag ved Folven i Oppstryn. Ein førar ved Kjøs og ein ved Folven mangla sikt og fekk ikkje køyre vidare. Ved Kjøs blei ein førar meldt for brot på køyre- og kviletidsreglane, fordi han hadde for kort døgnkvil. Ein førar fekk også der gebyr for manglande vognkort.

Ved Folven fekk ein førar gebyr for manglande førarkort.