Statens vegvesen hadde onsdag kontroll på Kjøs og i dag ved Folven i Oppstryn. Ein førar ved Kjøs og ein ved Folven mangla sikt og fekk ikkje køyre vidare. Ved Kjøs blei ein førar meldt for brot på køyre- og kviletidsreglane, fordi han hadde for kort døgnkvil. Ein førar fekk også der gebyr for manglande vognkort.

Ved Folven fekk ein førar gebyr for manglande førarkort.