Kirsti Ohrvik Olsen (V) er ny varaordførar i Eid kommune


 

Eid kommunestyre valde i dag Kirsti Ohrvik Olsen (V) som ny varaordførar i Eid kommune.  Ho vart vald med 15 mot 14 stemmer.

Mindretalet stemde for Siri Sandvik (Ap).

Kirsti Ohrvik Olsen (V) vart først vald inn som ny formannskapsmedlem. Dette vart samrøystes vedteke.

Bakgrunnen for nyval er at formannskapsmedlem og varaordførar Eli Førde Aarskog (H) har flytta og har fått fritak frå sine politiske verv i Eid kommune.

Saka stod også på sakskartet til kommunestyremøtet 5.oktober, men vart då utsett fordi ein ville sjekke ut om ein måtte finne ei kvinne som ny formannskapsmedlem etter Eli Førde Aarskog.

Kabalen som den borgarlege fleirtalskoalisjonen, Venstre, Høgre, KrF og Frp, hadde lagt innebar at det berre vart tre kvinner i formannskapet. Dei ville i utgangspunktet ha inn Jostein Huneide (H) i formannskapet og som ny varaordførar. Saka vart utsett for å sjekke om dette gjekk greitt sett opp mot kvinneandel i politiske styre og utval, eventuelt omrokere for å få minimum 40 % kvinner.

Dette har blitt sjekka ut, og beskjeden frå Fylkesmannen er at ein så langt som råd skal velje ei kvinne.

Sidan alle dei fire faste medlemmene til Høgre i kommunestyret er menn, har partiet no gått bort frå kravet om å ha to i formannskapet, og fleirtalsblokka (V/H/Frp/Krf) vart samde om å velje inn Kirsti Ohrvik Olsen (V) i staden.

Hans Petter Gilleshammer kom på vegner av Ap/SV og Sp med framlegg om Siri Sandvik (Ap) som sin kandidat som varaordførar. 

Mindretalet som stilte seg bak Sandvik har 14 av 29 røyster i kommunestyret.   

Ordførar og varaordførar er enkeltverv, og dei to verva vert ikkje sett i samanheng med krav om kjønnsbalanse.


 

Dei som no utgjer formannskapet i Eid er:

Alfred Bjørlo (V) ordførar

Kirsti Ohrvik Olsen (V) varaordførar

Arild Krogh Nøstdal (V)

Tore Hjelle (H)

Sissel Ommedal (Krf)

Sigurd Reksnes (Sp)

Ståle Sandal (Sp)

Ida Elisabeth Lien (Sp)

Siri Sandvik (Ap)