Olsen sat ikkje i formannskapet og var ikkje førebudd på at denne sjansen kom no, men ho var ikkje i tvil om at ho ville takke ja dersom fleirtalsgruppa stilte seg bak. Kirsti Ohrvik Olsen er takksam for å få denne sjansen.

Dette er hennar første periode med fast plass i kommunestyret. Kirsti Ohrvik Olsen har også hatt fast plass i Teknisk- og samfunnsutval (TSU), og ho har fram til no vore 2. vara til formannskapet.

Olsen tykkjer det har vore kjempespennande å vere med i TSU, men er no klar for å ta fatt på arbeidet i formannskapet der ein må jobbe på ein heilt annan måte, og der økonomi har eit større fokus.

Eid Venstre har også tidlegare hatt både ordførar og varaordførar, i førre periode Bjørlo og Ludvigsen.

Den nye varaordføraren Kirsti Ohrvik Olsen stod på andreplass på Eid Venstre si liste til kommunevalet, og ho var ikkje heilt uførebudd på at ho kunne ende opp som varaordførar då, men såg ikkje heilt at ho skulle få denne sjansen no.

Olsen har så langt markert seg som ein uredd og engasjert politikar.

Stemmetalet  vart 15-14

Under valet av varaordførar bad Hans Petter Gilleshammer (Ap) om skriftleg val mellom dei to kandidatane Kirsti Ohrvik Olsen (V) og Siri Sandvik (Ap).

Det vart oppnemnt eit teljekorps, og då Janne Endal Andersson hadde samla inn stemmelappane, trekte teljekorpset seg tilbake og registrerte at resultatet var 15-14. På lappen som Ståle Sandal (Sp) frå teljekorpset overleverte til ordførar Alfred Bjørlo, stod det uventa 15 stemmer til Sandvik og 14 til Olsen. Det vart imidlertid raskt oppklara av eit samla teljekorps at dette var feilskriving. Det var Olsen som hadde fått flest stemmer.

Sidan det var skriftleg val, kan ein sjølvsagt ikkje vite 100 % sikkert kven som stemde på kven, men vi registrerer at V/H/KrF/Frp, som stod bak Kirsti Ohrvik Olsen (V) sitt kandidatur, har 15 representantar i kommunestyret, medan Ap/SV og Sp som stod bak Siri Sandvik (Ap) som varaordførarkandidat, har 14 representantar i kommunestyret.