– Kirsti er ung og fremadstormande. Eg støttar henne fullt ut. Det seier formannskapsmedlem Sissel Ommedal (KrF), som ikkje på noko vis kjenner seg forbigått.

Sissel Ommedal har vore med i kommunepolitikken i Eid i ei årrekkje, og sit denne perioden i formannskapet som ein del av fleirtalsgruppa V/H/KrF/Frp.

Fjordabladet har tidlegare skrive at den erfarne kvinnelege KrF-politikaren ikkje hadde fått spørsmål om å bli varaordførar, men ville vurdere det dersom ho fekk slikt spørsmål frå fleirtalsgruppa.

Ommedal forklarer no at ho hadde gitt signal til si eiga partigruppe om at ho i utgangspunktet ikkje var interessert i å stille som varaordførar, men ville vurdere det dersom der ikkje var andre mogelegheiter.

Ommedal er no glad for at Kirsti Ohrvik Olsen (V) har kome inn i formannskapet og er blitt varaordførar, og understrekar at ho støttar fullt opp om henne.