Bugjerde stadfestar at det såkalla «Englundbygget» skal rivast.

– Der ligg eit rivingvedtak som må haldast, men det er ein del av salsprosessen. Det har aldri vore snakk om at vi trekk oss frå heile prosjektet. Vi kjem framleis til å satse på utbygging, og salet av leilegheiter går for fullt trøkk, påpeikar han.

Bugjerde reagerer på artikkelen i Fjordabladet tysdag 7. november der det står at UNU AS har trukke seg frå ei prosjektert leilegheitsutbygging på grunn av manglande interesse. Dette meiner han er feilaktig.

Korrespondanse

Fjordabladet sit derimot med epost-korrespondanse mellom Eid kommune og selskapet Vågsøy Eigedom AS, som står som eigarar av Englundbygget. Her skriv styreleiar Fred-Ronny Weltzien Nygård følgjande:

«Nå ser det ut som vi er ved veis ende vedr Engelundbygget, UNU har besluttet å trekke seg fra prosjektet pga manglende intersse og då er neste skritt å rive bygget helt ihht deres varslede pålegg vedr riving av gbnr 45/102. Hvordan går vi frem nå, er det bare å iverksette riving? Bygget er som kjent ribbet og det er bare rene betongskallet igjen», skriv Nygård til Eid kommune.