Dette er klart etter at UNU AS har trukke seg frå ei prosjektert leilegheitsutbygging, på grunn av manglande interesse.

Eid kommune har tidlegare utsett eit rivingsvedtak fatta i byrjinga av oktober, og det vil no bli effektuert.

– Vi vil ha ein førehandskonferanse om riving i veke 49 (byrjina av desember, journ. mrk.), der Eid kommune vil setje krav om korleis riving skal skje. Det går blant anna på omsyn til naboar, og at tomta skal forlatast i forsvarleg stand, seier konstituert Plan- og utviklingssjef i Eid kommune, Roar Sætre.

– Må gjennomføre rivinga

Det er selskapet Vågsøy Eiendom AS som står som eigarar av Englundbygget. Dei er no innforstått med at riving må gjennomførast.

– UNU AS trekte seg frå opsjonsavtalen dei hadde på utbygging, på grunn av manglande interesse for leilegheitene. Derfor må vi berre forhalde oss til rivingsvedtak som er gjort, og gjennomføre rivinga, seier styreleiar i Vågsøy Eiendom AS, Fred-Ronny Weltzien Nygård.

Riving over nyttår

Som heimelshavar har altså Vågsøy Eiendom AS ansvaret for å gjennomføre forsvarleg riving av bygget. Konstituert Plan- og utviklingssjef i Eid kommune, Roar Sætre, trur riving kan gjennomførast relatvit raskt.

– Etter at førehandskonferanse er gjort i byrjinga av desember, bør igangsetting av riving kunne skje ganske raskt. Eg vil tru at ein kan starte riving rett over nyttår, seier Sætre, og legg til at han er nøgd med at ein no har kome til ei endeleg løysing i saka.

To forsøk

UNU AS har gjort to forsøk på å bygge ut leilegheiter i Englundbygget. Det første prospektet var med større og dyrare leilegheiter, medan det andre var med mindre og rimelegare leilegheiter.

Måndag føremiddag låg det andre prospektet framleis ute på Finn.no, sjølv om det no er klart at det er skrinlagt.

Har seld tre av fem

Når det gjeld leilegheitsprosjektet i det som tidlegare var kalla «Kala-bygget», vegg i vegg med Englundbygget, er bygginga av fem leilegheiter i full gang.

På Finn.no kjem det fram at tre av dei fem leilegheitene som Skala Eigedom har ute for sal, allereie er selde.