Ap-politikar Hans Petter Gilleshammer seier til Fjordabladet at han kjem til å kome med eit framlegg om dette på kommunestyremøte komande torsdag.

Gilleshammer peikar på at Siri Sandvik er ein synleg, aktiv og god politikar i Eid. Ho sit i formannskapet og sat i utvalet som forhandla om kommunesamanslåing både Eid/Gloppen og Eid/Selje.

Gilleshammer ser også føre seg at Sandvik er ein klar ordførarkandidat for Stad Ap ved kommunevalet i 2019, og det vil vere nyttig med erfaring frå vervet som varaordførar.

Saka vart utsett

Bakgrunnen for saka er at Høgre-politikar Eli Førde Aarskog har flytta til Trondheim, og Eid treng ein ny varaordførar. Saka stod på kartet på kommunestyremøte 5. oktober, men vart utsett til neste møte 9. november.

Problemet var mangel på kvinner. Kabalen som den borgarlege fleirtalskoalisjonen, Venstre, Høgre, KrF og Frp, hadde lagt innebar at det berre vart tre kvinner i formannskapet. Dei ville ha inn Jostein Huneide (H) i formannskapet og som ny varaordførar. Saka vart utsett for å sjekke om dette går greitt sett opp mot kvinneandel i politiske styre og utval, eventuelt omrokere for å få minimum 40 % kvinner.

Mannsdominans

Både Eli Førde Aarskog (H) og Siri Sandvik (Ap) har aktivt fronta likestilling og viktigheita av å ha kvinner med i politikken, og Gilleshammer tykkjer det er synd at den borgarlege blokka ville gå ned til 4-1.

I Eid er lokalpolitikken mannsdominert. Alle Høgre sine fire faste representantar i Eid kommunestyre er no menn, men det er kvinner på varaplassar og i andre av dei borgarlege partia.

– Det er ikkje mangel på damer, men mangel på vilje til å prioritere opp damene, fastslår Gilleshammer. Han understrekar at det slett ikkje er Jostein Huneide som person dei er ute etter med å fremje Siri Sandvik som kandidat som varaordførar.

Mindretalet som stiller seg bak Sandvik har 14 av 29 røyster i kommunestyret. Det betyr at det berre trengst ei ekstra stemme frå eitt av dei borgarlege partia for å få fleirtal.

Dersom det skulle gå igjennom med 3 kvinner og 6 menn i formannskapet, er det å krevje lovlegheitskontroll av eit slikt vedtak aktuelt om ein er misnøgd med at kjønnsbalansen ikkje vert oppretthalden.

Kvinne i KrF

Mindretalet, Ap og Sp har 50 % kvinneandel, det vil at seie at to av fire formannskapsmedlemmer er kvinner, medan den borgarlege fløya er meir mannsdominert. Per i dag er det berre ei dame, Sissel Ommedal frå KrF på fast plass.

Ommedal har lang røynsle som kommunepolitikar i Eid. Ho seier til Fjordabladet at ho ikkje har fått spørsmål frå valnemnda om å stille som varaordførar.  Om ho får eit slikt spørsmål, vil ho vurdere det.

Ordførar og varaordførar er enkeltverv, og dei to verva vert ikkje sett i samanheng med krav om kjønnsbalanse.

Kjønnsbalanse Eid formannskap

Eid kommune har stilt spørsmål til Fylkesmannen om regelverk kring nyval/suppleringsval av medlem til formannskapet, og har gitt tilbakemelding på generelt grunnlag der dei peikar på at nyval av formannskapsmedlem er regulert av kommunelova  der det heiter at - dersom et medlem av et annet folkevalgt organ enn kommunestyre og fylkesting, kommunestyrekomité og fylkestingskomité trer endelig ut, velges nytt medlem, selv om det er valgt varamedlem. Organet skal suppleres fra den samme gruppe som den uttredende tilhørte. Viser det seg at denne fremgangsmåten fører til at et kjønn vil bli representert med mindre enn 40 prosent av medlemmene i organet, skal det så langt det er mulig velges nytt medlem fra det underrepresenterte kjønn.

Ikkje direkte opprykk

Dette inneber at nytt medlem skal veljast, og at det ikkje er tale om direkte opprykk av vara. Valet skal skje «fra den samme gruppe» som tidlegare medlem. Med «gruppe» vert det ikkje nøvdendigvis parti eller samarbeid som har oppstått ved kommunestyrevalet, men den eller dei gruppene/listeforslaga som er danna ved valet av formannskapet.

Den gruppa som har ein ledig plass, peikar sjølv ut kandidaten til plassen. Kommunestyret vel deretter vedkomande dersom dei formelle vilkåra for val er oppfylte.

Fører framgangsmåten ovanfor til at eit kjønn vert underrepresentert i organet, skal det «så langt som mulig» veljast nokon frå det underrepresenterte kjønnet. Med «så langt som mulig» vert det meint praktisk  mogleg. Reservasjonen gjeld fordi formannskapet skal veljast av og blant kommunestyret, og det kan oppstå situasjonar der vedkommande gruppe ikkje har nokon ledig kommunestyrerepresentant av det underrepresenterte kjønnet.

Prinsippet om kjønnsmessig representasjon gjeld óg ved utskifting av medlemmer av formannskapet i valperioden. Den nye medlemmen skal kome frå det kjønn som er underrepresentert, dersom ikkje begge kjønn vil vere representert med minst 40 % etter utskiftinga.

Fylkesmannen viser til følgjande døme:

Det er ni medlemmer i formannskapet: tre kvinner og seks menn. Ein mannleg representant får varig forfall, og det må haldast eit suppleringsval. Dersom det er mogeleg, skal velje ei kvinne (frå den same gruppa som den som trer ut), som blir den som trer inn i formannskapet. Etter utskiftinga vil dermed formannskapet bestå av fire kvinner og fem menn.

Det følgjer av føresegna at ein representant for det underrepresenterte kjønn skal tre inn ”så langt det er mulig”. Reservasjonen er naudsynt fordi val av medlemmer til formannskap og fylkesutval skjer på grunnlag av lovfastsett gjennomgåande representasjon. Det vil difor kunne oppstå tilfelle der det ikkje finst nokre representantar for det underrepresenterte kjønn frå den aktuelle gruppa som kan erstatte den medlemmen som trer ut.

Fylkesmannen ikkje stilling til konkrete saker om føreståande val i kommunen, men vi legg til grunn at kommunen alltid søkjer å innrette val i tråd med reglane i kommunelova.

Vil fire på kravet

Fjordabladet har stilt følgjande spørsmål til Tore Hjelle i Eid Høgre:

– Vil de fire på kravet om to medlemmer  i formannskapet og Jostein Huneide som varaordførar?

– Ja, vi må dessverre gå vekk frå dette pga kjønnsbalansen, er det korte svaret frå Hjelle, som er ute på reise.

Fjordabladet har førebels ikkje fått svar frå leiaren i valnemnda, Arild Krogh Nøstdal, om kva han meiner om ny varaordførar og kven som kjem inn i formannskapet.