I romjula 2016 gjekk Dan Jøran Hafsås inn i ei kombinert rolle som trenar for Eid A-lag herrar og som sportskoordinator. Førre søndag avslutta han sin første sesong med ein 6–2 siger borte mot allereie nedrykksklare Førde 2. Hafsås enda dermed på 5.-plass i sin første sesong som trenar for Eid A-lag.

– Kvifor valde du å komme tilbake og vere A-lagstrenar for Eid i staden for å fortsette i Ready?

– Det var eit vanskeleg val sidan eg likte meg godt i Ready. Samtidig var dette ein strålande mulegheit for meg til å vende heim igjen for å ta over seniorlaget og samtidig utvikle meg meir som ein leiar. No når eg sit her og ser tilbake på det heile angrar eg ikkje eit sekund, fortel den berre 24-år gamle trenaren.

Meir resultatorientert

Før han kom til Eid var han hovudtrenar for G12 og G15 i Ready samtidig som han hadde ei 50 % stilling som assistenttrenar for juniorlaget. Hafsås fortel at etter at han blei seniortrenar har det blitt meir fokus på resultatet i kampane, men at han samtidig jobbar med å halde fokuset på utvikling så stort som muleg gjennom heile sesongen.

– Er du fornøgd med din første sesong i klubben?

– Både ja og nei. Eg er fornøgd med at vi kom på 5.-plass, men eg skulle gjerne ynskje at vi var nærmare toppen poengmessig. Vi har rota vekk nokre poeng i kampar som vi burde ha vunne men samtidig har vi imponert med siger borte mot Måløy og heime mot Stryn. Dette er kampar vi har slite med dei siste åra, fortel Hafsås.

Årets høgdepunkt

Han legg også til at heimesigeren mot rivalen Stryn på solfylte Eid Stadion den 2. september var årets høgdepunkt. 3–2 sigeren gjorde at Eid for første gang på åtte år hadde klart å slå Stryn.

No som fotballsesongen 2017 er ferdig vil spelarane roe litt ned med treningane før nyttår. Det vil bli nokre vanlege treningar, og sikkert nokon futsaltreningar med mykje moro før alvoret startar igjen i januar. Hafsås fortel at han ynskjer å forbetre fysikken på spelarane sine. Spesielt i form av hurtigheit og styrke slik at den unge A-lagstroppen skal bli meir robuste til å takle det fysiske i fjerde divisjon. I tillegg fortel han at A-laget kjem til å jobbe vidare med videoanalyse for å utvikle taktikkforståinga på enkeltspelarane og laget som kollektiv.

Før den nye sesongen er målet å komme seg nærare toppen. Gjerne blant topp 3. Hafsås trur dette er muleg viss han kan behalde troppen sin, samtidig som han får inn ei eller to forsterkingar.

– Kva er det beste med å vere seniortrenar for Eid?

– Det beste med å vere seniortrenar for Eid er å vere i lag med ungdommen og vere ein del av deira liv. Sjå dei utvikle seg både som fotballspelarar og menneske. Det er dette som driv meg, seier den imøtekommande trenaren.

Fleire tilbod for dei yngre.

Denne sesongen kom klubben med eit tilbod om keeperskule for dei unge lovande målvaktene i klubben. Neste sesong ynskjer Hafsås å opprette eit tilbod om akademiøkter for dei yngre spelarane i klubben.

Den unge trenaren fortel til slutt at han allereie gler seg til å komme i gang i januar. Den neste sesongen er allereie godt planlagt, så no er det berre å vente på å få komme i gang for fullt igjen med treningar og kampar.