Fargerike bilde pyntar opp på veggen godt synleg i storstova på eldretunet, og rundt bordet er det ein god drøs der barn og bebuarar kosar seg med sveler, kaffi og saft. Bak kunstverka står barn i Gjerdane barnehage, som ville glede bebuarane på eldretunet med det dei har laga. Det blir sett stor pris på.

Gjensidig glede

Avdeling Marihøna i Gjerdane barnehage og Eid eldretun har gjensidig glede og nytte av kvarandre. Det er tydeleg at både unge og eldre set pris på samværet. Barnehagebarna er innom på eldretunet både titt og ofte, til stor glede for bebuarane. Oftast er det ei lita musikkstund der barna syng for og saman med dei eldre, men av og til er det litt ekstra, til dømes når barna har kledd seg ut for å leike jonsokbryllaup.

Naturleg del av kvardagen

– Vi har prioritert å gå på besøk til eldretunet annakvar fredag. Vi synest det er ein viktig del av arbeidet å gjere ungane kjende med den eldre generasjonen. Vi vil gjerne at det skal vere ein naturleg del av kvardagen at bana omgåst dei eldre. Det er kjekt å sjå gleda blant ungane og dei eldre, det å kunne vere med på å utgjere ein skilnad er viktig. Her på eldretunet føler vi oss alltid velkomne, seier avdelingsleiar for Marihøna, Torill Espelund. Ho fortel at dei gjerne syng gode, gamle barnesongar som Bæ, bæ, lille lam, Mikkel rev og Fola, fola Blakken, men at dei også supplerer med litt nytt og moderne som er populært blant barna.

Trivst godt

– Det er kjekt å ha besøk frå barnehagen, tykkjer Malvin Sørland, Halldis Johnson, Brita Rye og Eldbjørg Lindvik. Dei kosar seg ved kaffibordet og nyttar høvet til å skryte av maten og omsorga dei får her på eldretunet. Medan det har vore tema i media at mange eldre på institusjon ikkje får i seg nok mat, er dette slett ikkje tilfellet her, ifølgje dei rundt bordet.

– Her er det altfor mykje god mat, og vi legg på oss, ler eit par av damene.

Bebuarane Malvin Sørland, Halldis Johnson, Brita Rye og Eldbjørg Lindvik set pris på at Marihøna kjem på besøk og lagar litt liv og røre på eldretunet. Foto: Anna Wuttudal
Svelene får absolutt godkjent og sklir ned på høgkant. både hjå barn og eldre. Foto: Anna Wuttudal