Etter trettito år og eitt tusen seks hundre kampar, har Rune Haugland (57) bestemt seg for å slutte som fotballdommar.

Den siste kampen hans vart 5. divisjonsoppgjeret mellom Stryn 2 og Bjørn sist søndag. Drakta han brukte var påskrive tala 172 og 1600.

– Talet 172 var for å markere at eg har dømt 172 kampar i Stryn. Talet 1600 viser til det totale kampar eg har dømt, seier Rune Haugland, som sjølv har ført statistikken over kampane han har dømt.

Han er busett på Naustdal i Haugen krins, og står som medlem i Haugen IL. Arbeidet han har lagt ned innan dommargjerninga har vore avgjerande for at Haugen IL mange gonger har blitt kåra til årets dommarklubb i fylket. Sjølv vart han kåra til årets dommar i Sogn og Fjordane i 2015.

– Eg måtte vel få den utmerkinga før det vart for seint, ler Haugland, som er overraska over all merksemda som har kome etter at Haugenfotball.no skreiv om saka.

– Eg likar eigentleg ikkje å stikke meg fram, men når det var eg sjølv som valde å markere avsluttinga, får eg vel tole det, seier han.

Byrja som 25-åring

I si aktive karriere spelte han fotball i Haugen og Eid fram til han var 25 år.

– Då drog Ove Naustdal meg med som linjedommar på ein kamp, og då var det gjort. Det skal seiast at eg hadde hamna på benken på Haugen, så det innverka nok også på avgjerda om å slutte som aktiv fotballspelar, ler Haugland.

Så vart det dommarkurs med John Myklebust som kursleiar.

– Vi var vel sju-åtte på kurset, der fleire var jenter. Det var ein god ballast å ha spelt seniorfotball før kurset. Då eg la opp som aktiv som 25-åring var det rekna som ungt, men i dag ville eg ha vore blant dei eldste på dei fleste lokale lag, seier Haugland.

Betre før

Han skulle gjerne ønskt at det var fleire eldre spelarar på dei lokale seniorlaga, som i dag i stor grad er nesten reine juniorlag.

– Dersom ein ser vekk frå topplaga Sogndal og Florø, var nivået i seniorfotballen i fylket betre før?

– Det ser du like godt som meg. Ein ser det spesielt på kvalitetar som styrke og kondisjon, noko som er eit direkte utslag av at laga stort sett har mykje yngre spelarar enn før. Det kjem nok av sentraliseringa, som ein ser på dei fleste område i samfunnet, seier Haugland.

Som medlem i Haugen IL er det moderklubben som er favorittlaget, men nokon favoritt blant engelske lag, som dei fleste fotballentusiastar har, det har han ikkje.

– I min ungdom var det Leeds, men eg har ikkje sett ein kamp på det eg kan hugse. Elles følgjer eg jo med på Sogndal, som er viktig for fylkesfotballen, seier han.

Tøft i industribygdene

Etter 32 år med dømming fylket rundt, har han opplevd store kulturforskjellar.

– Det har jo vore nokre episodar med klubbar ute med kysten som har utkrystallisert seg i negativ retning, men stort sett går det veldig bra. Går ein langt nok tilbake i tid, var det ganske tøft å kome til Årdal og Høyanger, på grunn av publikum. Då sat nervane utanpå skjorta før kamp. Men dei tok tak i problemet og ordna opp, så det er lenge sidan det har vore noko problem, seier Haugland, som no får ein god del timar som han må fylle med andre ting enn fotballdømming.

– Eg er jo framleis med i dommarkomiteen i fylket og skal halde rekruttdommarkurs, i tillegg til å vere rettleiar for yngre dommarar. Likevel blir det jo mange fleire ledige timar, så vi får sjå, seier Haugland, som toppar lista over tal turar til Naustdalkamben.

– Eg likar å gå på fjellet. Det vil seie, eg likar å gå på Naustdalkamben, for det er berre der eg går, ler Rune Haugland.

Denne drakta brukte Rune Haugland i sin siste kamp som fotballdommar. Talet 172 står for talet kampar han har dømt i Stryn, og 1600 er det totale talet kampar han har dømt. Foto: Privat