Treffet vart halde på Sentrum hotell med samling og mat både fredag, laurdag og søndag. Dette var det åttande treffet vårt, og det har vel hatt lag til å minke litt på deltakartalet etter kvart, men vi var tjue som samlast også denne gongen, med ein del ektefellar inkluderte, som det alltid har vore på dei seinare treffa våre.

Omvising og opera

Fredag såg vi «Sildagapet» i Operahuset, og laurdag fekk vi først ei velstrukturert og opplysande orientering om kommunen av ordføraren i kommunestyresalen. Deretter var vi og såg på vikingskipet og fekk orientering om det, og Fjordabladet tok bilete av oss. Så rakk vi også ein tur til Lotsberg til lunch og omvising hos vevkunstnaren Anne Britt Lotsberg, også det ei interessant og gjevande oppleving.

Festmiddag

Om kvelden var det festmiddag med ulike programinnslag. Og sidan vi rekna med at dette var det siste treffet vårt, fann vi grunn til å fokusere spesielt på Jon Tolaas, som gjekk i klassen vår og som døydde i 2012. Om han har litteraturvitaren Ove Eide på Sandane sagt at han er den mest betydelege diktaren som Nordfjord har fostra.

Nokre vil vel i den samanhengen halde fram Matias Orheim. Det kan det vere grunn til, men det er vanskeleg å samanlikne dei to: Orheim med sine innhaldstunge, formfaste og formsikre salmar, og Tolaas med si rike, sanningsleitande biletskaping som ein naturleg assosierer med Rolf Jacobsen, ein våre aller største lyrikarar.

Fast diktlesar

Det vart både fortalt og orientert om Jon Tolaas, og ikkje minst lese dikt av han, og det gjorde den faste diktlesaren på treffa våre, Aase Roland, på ein gripande måte.

Så var det berre avskjeden som stod igjen ved frukosten søndag, som vi alle var samla til, og der kom det sanneleg opp tankar om endå eit nytt treff om to år! Vi får sjå!

For treffkomiteen, Oddbjørn Heinum.