I Sparebanken Vest var det i kveld ein jamn straum med frivillige som kom for å levere frå seg bøssene. Då alle pengane var talde opp, var summen frå bøssene i Eid kome opp i 153 335 kroner. I tillegg kjem andre pengegåver.

Her er link til resultat frå TV-aksjonen

Kommunekomiteen for TV-aksjonen​ i Eid har også i år fått god hjelp av elevane på Fjordane Folkehøgskule, der heile skulen stilte opp og gjekk rodene  i sentrum.

Andreas Nikolai Karlsen frå Tromsø i Troms, Frida Fjeller frå Sandvika i Bærum og Sandra Holmgren frå Alta i Finnmark trivest godt på folkehøgskulen og hjelper gjerne til med å samle inn pengar til TV-aksjonen, som i år går til UNICEF sitt viktige arbeid med å gje skulegang til born i krigsherja land.

– Heile skulen stilte opp. Det går til ei god sak, og så får vi mosjon i tillegg. Ein del folk hadde pengane klare, og så var det ein del som ville betale med vipps. Vi brukte berre ein time, fortel dei tre.

Teljekorpset opplyser at det var mest setlar, men også noko mynt. Sparebanken sitt bidrag er å vere innleveringssentral og telje opp pengane. Og så får dei som har gått med bøsser twist, kaffi eller kakao, som dei kan varme seg på.