Her kan du sjå namneframlegga i Eid.

Sak om nye vegnamn i Eid er ført opp på saklista i Teknisk – og samfunnsutvalet tysdag 24. oktober. Kommunestyret har delegert til utvalet å gjere endeleg vedtak i denne saka. På møtet i formannskapet torsdag gav imidlertid fleire av politikarane uttrykk for at dei godt kan tenkje seg at endeleg vedtak vert gjort av kommunestyret. Dette mellom anna fordi dette er ei omfattande sak, og det ikkje er alle partia som er representerte i utvalet.

Framlegg til nye vegnamn har vore eit omfattande arbeid i administrasjonen og i namnenemnda og framlegg til namn har vore ute til høyring to gongar med eit breitt engasjement. Namnenemnda tilrår namn for 81 vegparsellar som er i samsvar med tradisjonen for namnsetjing som er i kommunen og følgjer gjeldande reglar for skrivemåten av stadnamn.

Namnenemnda tilrår å reise namnesak for fastsetjing av skrivemåten for seks vegnamn:

1740 Lisjeåsen,

2150 Furehogvegen,

2160 Kviehogvegen,

2180 Rognhogvegen,

4100 Midthjell og

6030 Hennjetuna.

Om ein ikkje når fram i namnesaka og ikkje kan nytte namna som namnenemnda har tilrådd, rår rådmannen til at det vert vedteke at den offisielle skrivemåten i Sentralt Stadnamn Register skal leggast til grunn i vegnamnet.

Det ligg sterke føringar frå sentrale myndigheiter om at vegadresser bør innførast for heile landet. Det er også eit sterkt ynskje frå ambulansetenesta, politi, brannvesenet, transportnæringa og posten om at vegadresser vert teke i bruk.

I dag er det berre områda kring Nordfjordeid sentrum som har vegnamn og vegadresse. I tillegg er det også vedteke vegnamn for områda Mogrenda-Fossebakken, men tildelinga av vegadresse og skilting har ikkje vore gjennomført.